søndag 29. januar 2012

Månadsmøte og fotoutfordring februar 2012

Tema for biletutfordringa  i februar (kåra på møtet i februar) er mat. Eller oppgåvetittelen er  "bilete av mat som kunne vore brukt i ei kokebok". Med dette går utfordinga også ut på å gjere maten delikat og freistande for dei som ser biletet.

Eit par tips kan vere å droppe blits slik at ein ikkje får refleksar og gjennskin i mat eller fat. Ta bilda i dagsljos med alle andre ljoskjelder slegene av. Prøv å unngå å få med mange detaljar rundt motivet.

Her er eit par eksemplar på matbilder...


 
 

Som de ser treng ikkje bileta vera av heilt ferdige rettar, men også av enkeltingrediensar.

Ta bilder og send  dei til Liv før neste møte, lukka til!

lørdag 28. januar 2012

Vinnarar i januarutfordringa

Temaet var romsleg og stort: "2011". Det vart kåra ein fyrste og ein andre plass.

1. plass - Fotograf Britt Farestveit




2. plass - Fotograf Margunn Farestveit