mandag 18. oktober 2010

Modalskalendaren 2011


MoFoTo har fått i oppdrag hjå kommunen å levera, og velgja ut eit foto for kvar månad. Me har takka ja og klubben får 300.- for kvart foto. Fotografen får navnet sitt i kalendaren.

Fotoa skal sendast til MoFoTo og me skal få til Web-avrøysting slik at klubben vel kva foto som skal brukast.

Fotoa skal vera utvalgt og levert til kommunen innan 1. november.  Frist til å sende inn er mandag 25 oktober. ALLE medlemmer i klubben kan sende inn opptil 12 foto (merka med månad) men fotoa MÅ vera tekne i Modalen.

Det viktigaste kreteriet vil vere fototeknisk. Slike bilde skal vere gode på komposisjon og dei skal vere klåre og gode om ikkje motivet inviterer til noko anna. Viktigast er at månaden vert gjennspegla. Det kan gjerne vera folk med på bileta, men spør "Modellane" om det er greitt før de sender inn biletet.

Leit fram gode foto. Dei kan vere både nye og gamle!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar